Kommunen vil kjøpe fleire eigedommar ved Storevatnet

Florø barneskole treng større uteareale for dei over 550 elevane, og no skal Flora kommune kjøpe eigedom av Prestegarden/ Opplysningsvesenets fond

Florø barneskole treng større uteareale for dei over 550 elevane, og no skal Flora kommune kjøpe eigedom av Prestegarden/ Opplysningsvesenets fond Foto:

Flora kommune har allereie inngått avtale med Opplysningsvesenets Fond om å kjøpe strandareal og friområde frå omsorgssenteret til prestegarden. No vil dei kjøpe meir areale til barneskulen.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Opplysningsvesenets Fond har tilbydd Flora kommune å kjøpe to parsellar i området ved sjukehuseigedommen og Storevatnet, og det er no inngått avtale om dette.

Samla omhandlar avtalen eit areal på ca. 4800 kvadratmeter.

Kjøper strandlinje og friområde

Delar av dette er strandareal og friområde som utgjer deler av strandlinja, friområde og turvegen i vestre del av Storevatnet, frå omsorgssenteret til prestegarden.

Areal til delar av den nye gangvegen som er under opparbeiding frå sjukehuset til barneskulen er også inkludert her.

Basert på førebelse oppmålingar er samla kjøpesum rekna til 678.000 kroner.

Utgiftene skal finansierast med midlar frå sal av kommunale eigedommar, skriv Vidar Vårdal i Flora Bygg og Eigedom i ei saksutgreiing som skal til Formannskapet i neste veke.

Utvide Florø barneskole sitt areal

I tillegg kjem det ei eiga sak med forslag om å kjøpe vel eit mål til, 1055 kvadratmeter, tilknytta Florø barneskule.

Flora kommune har forhandla med OVF om kjøp av areal til utviding av Florø barneskole sitt uteområde.

Arealet er i Sentrumsplanen allereie sett av til utviding av skulen, og samla kjøpesum er estimert til 1.090.000 kroner.

I Sentrumsplanen står det følgjande om arealet:

«Området skal nyttast til utviding av Florø barneskole sitt uteområde. Området har svært gode naturkvalitetar og skal ha naturpreg også etter at det har blitt ein del av skuleområdet. Det skal opprettast vegetasjonsskjerm mot Prestegarden i vest»

Også dette kjøpet skal finansierast med inntekter frå sal av kommunale eigedommar i 2017/2018.

Sakene skal opp i Flora formannskap 20. februar.

Opplysningsvesenets fond

Opplysningsvesenets fond vart oppretta i 1821, og forvaltar Den norske kyrkja sine verdiar og eigedommar.

Mellom anna eig og forvaltar OVF 408 bispe- og prestebustader som fungerer som tenestebustader for prestar i Den norske kyrkja.

OVF har også over 7.000 festekontrakter, der dei fleste er bustadtomter. Så mange privatpersonar betalar festeavgift - «leige» - til OVF.

Festeavgiftene vert regulert med 10, 20 eller 25 års mellomrom, avhengig av kva slags festekontrakt ein har. Ein kan søke om innløysing, og kan då få eit kjøpstilbod frå OVF.

Artikkeltags