Åge Aleksandersen-fansen i Florø får eigen skyssbåt

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Florø Skyssbåt stiller med M/S Øyservice fredag 03. August, då Åge Aleksandersen & Sambandet skal på scena under Kalvåg Kystfestival.

– Dette er eit etterspurt tilbod og ei gåve til Åge sine venner i Florø, som no kan komme seg heim til Florø på knappe 20 minutt etter konsertslutt i Kalvåg. Vi er svært glade for å få på plass «Øyservice» når vi veit kor stor fanskare Åge & Co har i Florø. Det blir også sett opp busstransport til Bremanger alle dagar. Det blir også bubil- og campingvogn parkering på Kalvøyna, telt- camping på Bontelabo, og vi førebur oss på mykje båtar i festivalhamna på Knutholmen, seier Svein Arild Vatsø, som saman med Jan Fredrik Fosse er med og organiserer kring konsertane som skal vere under Kalvåg Kystfestival.

Artikkeltags