Vêrfast surfar i Vetvika måtte ha hjelp av redningsskøyta

Redningsskøyta Halfdan Grieg (Arkivfoto).

Redningsskøyta Halfdan Grieg (Arkivfoto). Foto:

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Det var Fjordenes Tidende som først melde at redningsskøyta Halfdan Grieg var på veg til Vetvika i Bremanger for å hente ein vêrfast person. Når Firdaposten ringer redningsskøyta noko seinare er mannen for lengst redda om bord, og sett i land igjen utan særleg dramatikk. Geir Antonsen om bord på Halfdan Grieg fortel på telefonen:

– Ja, han har vi plukka opp, og sett i land på Oldeide. Det var ein kar som har vore i Vetvika i nokre dagar og surfa, men så kom det snø, og det hadde i tillegg gått eit lite snøras der. Han så det ikkje trygt å gå tilbake same vegen, så da måtte vi komme og plukke han opp.

– Det er godt vi har redningsskøyta der ute. Dette forløp utan drama av noko slag?

– Dette var heilt uproblematisk. Vi henta ham ut, og så fekk han velje sjølv kor han ville i land. Han hadde bil ståande på Oldeide, så da frakta vi han dit.

Artikkeltags