Vestlendingar er dele-verstingar

Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto. Foto:

4 av 10 bryt lova om deling av bilde utan samtykke.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

4 av 10 bryt lova om deling av bilde utan samtykke. Hovudregel er at ein skal be om samtykke frå alle som direkte eller indirekte kan gjenkjennast på bildet før det publisering. Deler ein  utan lov, kan ein i verste fall hamne i straffeansvar. Slike saker ser ein stadig oftare døme på.

14 prosent av vestlendingane har lagt ut bilde av barna, 28 prosent av venner, 15 prosent av kjærast/ektefelle og 4 prosent av kjende personar, i følgje ei undersøking for Codan forsikring av Norstat.

Undersøkinga viser også at 9 prosent av vestlendingene har bilde eller informasjon dei helst ville fjerna frå Google (Spørsmål: Ligg det søkbar informasjon/bilde av deg på nettet som du helst skulle fjerna?). 21 prosent svarer "veit ikkje" på dette spørsmålet, noko som kan bety at ein ikkje veit hva slags etterlate inntrykk ein gir av seg sjølv på nettet, til dømes til ein ny arbeidsgivar.

34 prosent av alle nordmenn legg ut bilde av andre i sosiale medier utan å spørje om lov først. Vestlendingar er verstingane: Heile 39 prosent av dei legg ut bilde av andre utan samtykke.

Artikkeltags