Varslar kraftig vind og vanskelege køyreforhold

VER OBS: På vestlandet sør for Stad melder yr.no kraftig vind. Det kan føre til vanskelege køyreforhold, grunna snø som virvlar seg opp.

VER OBS: På vestlandet sør for Stad melder yr.no kraftig vind. Det kan føre til vanskelege køyreforhold, grunna snø som virvlar seg opp. Foto:

VÊR: Meteorologane på yr.no går ut med varsel om kraftig vind og vanskelege køyreforhold på vestlandet sør for Stad.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Frå onsdag ettermiddag melder nettstaden liten til full storm på kysten og i fjellet sør/søraust på vestlandet.

I utsette fjordar og dalar kan det lokalt komme vindkast på mellom 25 og 35 meter i sekundet, skriv dei.

– Kan vere farleg å ferdast i fjellet

– Det kan vere farleg å ferdast i fjellet. Sterke vindkast kan føre til lokale straumbrot, og tre som har blåst over ende kan ligge i vegbana. Lause gjenstandar som trampolinar og hagemøblar kan blåse av garde. Ver forsiktig når du ferdast utandørs, står det i varselet.

Vinden skal visstnok minke torsdag ettermiddag, melder Firda.

Dei varslar også vanskelege køyreforhold frå onsdag ettermiddag til fredag. Dette på grunn av sterk vind, snø og snøfokk (snø som virvlar seg opp og reduserer sikta).

Varslar betydeleg skredfare

NVE (Noregs vassdrags- og energidirektorat) hevar skredfaregraden frå 2 til 3 (frå moderat til betydeleg) for den indre delen av Sunnfjord og Nordfjord på onsdag.

Deira skredfarevurdering går slik:

«Nedbør som snø saman med ubunden snø i terrenget vil i kombinasjon med sterk vind frå sør vil føre til danning av nysnøflak i leområde. Vinden skal auke frå stiv kuling til liten storm på kvelden og skredfaren vil difor auke i løpet av dagen.»

Artikkeltags