Opnar for kjønnspoeng

Publisert - Sist oppdatert
Minister for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø. Foto: David Engmo

Minister for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø. Foto: David Engmo

Kjønn. Regjeringa opnar no for å gi tilleggspoeng til menn som søker på kvinnedominerte studier.

Torsdag blei det gjort ei rekke endringar i forskrifta om opptak til høgare utdanning. Ei av dei var at det blir opna for å gi inntil to tilleggspoeng på studium med svært skeiv kjønnsfordeling.

— Studentmassen innan dei ulike studia bør spegle samfunnet. Kjønn er ei side ved mangfald, og derfor bør det vere jamnare kjønnsbalanse i student- og tilsettgruppa, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø i ei pressemelding.

Kjønn er ei side ved mangfald, og derfor bør det vere jamnare kjønns-balanse i student- og tilsettgruppa
Iselin Nybø
Forskings- og høgare utdannings-minister

Les også: Får ikkje lov å kvotere inn gutter på veterinær

Gjeld fire utdanningar i år

I forskrifta heiter det no at det ved enkelte studium kan tildeles inntil to tilleggspoeng i ein begrensa periode, viss meir enn 80 prosent av studentane er av same kjønn.

I første omgang er det fire utdanningar dette gjeld. Det er veterinærutdanning og dyrepleiarutdanning ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) og sjukepleiarutdanning ved Universitetet i Agder og Lovisenberg diakonale høgskole.

Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen hadde også søkt om å få ta del i ordninga, men det får dei ikkje, ettersom dei ikkje har skeiv nok fordeling.

NMBU er fornøgd

På Veterinærhøgskulen på NMBU er dei svært nøgde med resultatet.

— Desse tilleggspoenga er viktige for å få fleire mannlege studentar, særleg gir det effekt på veterinærstudiet. Det er ønskeleg at begge kjønn skal vere representerte både i vårt studiemiljø og blant norske veterinærar, seier dekan ved NMBU Veterinærhøgskolen, Anne Storset, i ei pressemelding.

— Når vi har tilleggspoeng for menn har vi stort sett hatt 10 til 20 prosent menn, noko som er eit minimum av kva vi burde ha, seier ho.

Fakta

Kjønnsfordeling på studier

Fem studier med færrest mannlige søkere i 2016:

  • ​HSN, studier i Telemark, Faglærer i formgiving, kunst og hÃ¥ndverk, 5%
  • Nord universitet, Dyrepleie, 7 %
  • NMBU, Dyrepleie, 7 %
  • HSN, studier i Telemark, Tekstil - kunst og design, 9%
  • UiT, Likestilling og kjønn, 9%

Fem studier med færrest kvinnelige søkere i 2016:

  • ​NTNU, Ingeniør, data, Gjøvik, 5%
  • HiØ, Ingeniør, elektro, 5%
  • NTNU, Ingeniør, elektro, Gjøvik, 5%
  • HiOA, Yrkesfaglærerutdanning i elektrofag, 6%
  • UiT, Elektroteknikk, 6%

Doktorgrad. Silje Bringsrud Fekjær brukte mye tid på å bekymre seg da hun tok doktorgrad, så hun skrev bok for å hjelpe andre. Stipendiat Lars Erik Larsen sier han har kjent på de samme bekymringene, men de har ikke vært lammende.

Helse og utdanning. Klinikkdebatten på psykologi har ført til at andre studentklinikker har sett på egen drift. Det gjelder også studentklinikker for fysioterapi og ortopedi på OsloMet, der man har funnet små avvik.

Cachefeed: v1.1 - Source - 5623f58d586b9e1f8de4cd36bbecfba1